Varetransport til Hytta?

Øystese Røde Kors Hjelpekorps har  ervervsløyve for snøskutertransport i området rundt Hamlagrøvatnet, og ynskjer også i 2017 og vera mest mogleg til nytte for hyttefolket. Me har i år sett opp 8 helgar der me vil vera på hytta og vera tilgjenglege for leigekøyring. ØRKH består kun av frivillige og det er difor ikkje mogleg og vera tilgjengeleg i Hamlagrø kvar helg gjennom vinteren, håpar på forståing for dette.


Det er sett opp 8 helger som ØRKH er i Hamlagrø vintersesongen 2018:

12-14 januar – fleksibel dato mtp føre
26-28 januar – proviantering
9-11 februar – kvisting Vending
23-25 februar – Vinterferie 1.helg
2-4 mars – Vinterferie 2.helg
16-17(18) mars – Hardinglaup
23 – 25 mars – Påske 1.vakt Palmehelg
28 – 2 april – Påske 2.vakt

Det er også mulighet at me er fleire helger, det vil i så fall verta informert på sosialt medium

Viss du ynskjer transport, ta kontakt med oss.

Prisar:
500,- pr. skutertransport
700,- pr. time/ dobbelttur